Gaupnetunet

Våre Pluskvalitetar

 

Fjell

Fjell og fjordlandskap

Turområde

Turområde

Restaurant & Bar

Restaurant 

Nasjonalpark

Nasjonalpark

Lokalmat

Lokalmat

Velkomen til idylliske Sogn der familien Sandvik ynskjer deg hjarteleg velkomen.

Gaupnetunet er omkransa av majestetiske fjell og har Sognefjorden berre eit steinkast unna. Eit flott utganspunkt for utandørs aktivitetar som fotturar og å oppleve fjorden på nært hald.

Midt mellom Jostedalen Nasjonalpark, vakre Lustrafjorden og Nasjonal Turistveg Sognefjellet finn du ei triveleg oase av ro og mak hjå oss.

Om du ynskjer å oppleve fjordlandskap på nært hald, utforske breen, gå til fjellet Molden 1116 moh, besøke Urnes Stavkyrkje, eller berre rusle barbeint i graset, så er me sikre på at du kjem til å trivast hjå oss. Lustrabadet vannpark er ein av våre næraste naboar for dei som føretrekk ein innandørs dukkert. Ta med deg handkle i handa og gå bort. 

Her kan du altså slappe av i rolege omgjevnader, men likevel ha alt Vestlandet har å tilby like i nærleiken. I restauranten vår serverar me lokale spesialitetar – spør gjerne om du kan få smake vår eigen eplemost eller limonade. Dei er produsert frå eigne eple og bær plukka i den gamle frukthagen der du finn campingplassen.

Gaupnetunet er ei familiebedrift, og heile familien er å finne i full sving på området – enten bak resepsjonen, på kjøkenet eller i samtale med gjestene.

Stikk innom resepsjonen for å spørje oss om tips til lokale opplevingar og attraksjonar!

 

Tal på rom & hytter: 54 

 

Utforsk våre overnattingsmoglegheiter

Aktivitetar på plassen

Oversiktskart

 

Gaupnetunet Oversiktskart

 

Alle fasilitetar 

  • Restaurant
  • Bar
  • Frukostbuffé
  • Fottur
  • Allergivennlege rom
  • Røykfritt hotell
  • Ladestasjon for elbil
  • Tillate med hund
  • Leikeplass
  • Gratis Wi-Fi

Besøk Gaupnetunet på