Tysk flag Engelsk flag Norsk flag

Velkommen til PlusCamp Sandvik

 

PlusCamp Sandvik ligger innerst i Sognefjorden ved Jostedalsbreen og Jotunheimen 30 km øst for Sogndal. Vi er ein idyllisk familiecamping, som ligg i ein frukthage ved Sognefjorden.

 

Campingplassen:

Plass til 60 telt, campingvogner eller bubilar, 16 høgstandard feriehytter med dusj og WC. 12 campinghytter. Leikeplass for borna, båtutleige, muligheiter for fisking både i elv og fjord. Campingplassen ligg godt til for spaserturar i nærområdet eller i fjellet. Vi har åpent heile året. Campingplassen ligg ved nasjonal turistveg Sognefjellet (rv.55).

 

Aktiviteter:

Når du bur hjå oss har du høve til å vere med på mange ulike aktivitetar i området. På eiga hand eller i følgje med dyktige og kunnskapsrike guidar. I Jostedalen kan du vere med på Brevandring, riding eller rafting. Ikkje langt frå campingplassen er det også tilbod om juvvandring og organiserte fisketurar. Frå Kroken, som ligg rett på andre sida av fjorden, kan du vere med på utflukter med havkajakk. Dei fleste av aktivitetane kan bookast hjå Breheimsentret tlf:57 68 32 50  http://www.jostedal.com/. Du kan også ta kontakt i resepsjonen, så vil me hjelpe deg.

 

Til oss er du velkomen  til alle årstider. Våren ved Sognefjorden er heilt unik, med dei store kontrastane frå høge snøfonner i fjellet til fruktbløming hjå oss ved fjorden. Hausten er tida for dei store naturopplevingane, og då er det ogso høve til å handle med seg friske og gode epler og bær frå hagane kring oss. Kjem du til oss om vinteren kan me by på flotte skiløyper og alpinbakkar i fjellområda rett ved plassen.

 

Tilbud i området:
Post, Bank, Butikksenter, Café i Gaupne.

 

 

 

HYTTER

BOOKING

LINKER

Kontakt informasjon

Tlf: +47 57 68 11 53
Faks: +47 57 68 16 71

E-Mail: sandvik@pluscamp.no

GPS Poss:
N 61°24,2"
Ø 07°18,4"

 

 

ONLINE BOOKING

TELEFON + 47 33 33 33 33 TELEFAKS + 47 33 33 33 34 www.pluscamp.no post@pluscamp.no logg inn på intranett
Logo Seria